|
Mostraspelet (Kristkongane på Moster) Neste framføring: 4. - 6. juni 2010 Manuskript: Johannes Heggland Musikk: Kjell Habbestad Instruktør: Svein Tindberg Fylke: Hordaland Kommune: Bømlo Plass: Moster Arrangør: Bømloteateret Heimeside: www.mostraspelet.no E-post: bomloteateret@c2i.net Kontakt: Johan Kr. Nesse Telefon: 53420790 Adresse: 5427 Urangsvåg Kristkongane på Moster" skildrar ei dramatisk brytningstid i Noregssoga - møtet mellom gamal og ny tru. Spelet spenner over eit tidsrom på tretti år - frå 995, då Olav Trygvason kjem heim for å krevja kongsarven sin, og for å kristna landet, til 1024, då Olav Haraldson fekk Kristretten vedteken på Mostratinget.
Moster kom i denne tida til å stå i sentrum for viktige historiske hendingar. Me vert dregne 1000 år attende i tida og får vera vitne til korleis desse omveltningane i samfunnet også set sine spor i einskildmenneska.
Mostraspelet feirar i år 25 års jubileum
|