NORSK SPELKALENDER

 LEGG TIL SPEL
 ENDRE INFORMASJON

 SPEL LANDET RUNDT

Søk i spelkalenderen
via Google:

“Med historiske spel meiner eg nyskrevne regionale og lokale teaterstykkje, med eller utan musikk, som tek utgangspunkt i fortida. Tema til dei historiske spela blir henta frå anten myter, segn eller ei kjend historisk hending. Staden der spelet blir oppført har ofte tilknytning til den historiske hendinga spelet byggjer på, eller har ein meir indirekte historisk relevans. Oppsettinga er ofte eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar.»


(Kari VÃ¥gen Framveksten av historiske spel i Noreg, Teatervitenskap, Universitetet i Oslo, 1997)

De spelene som er registrert i vår kalender er basert på denne definisjon.


Rotterdam (Ein komedie om havet, lærarskolen og kjærleiken. )

Siste registrerte framføring: 7. - 23. september 2017
Manuskript: Torvald Sund
Instruktør: Tor Ivar Hagen

Fylke: Nord-Trøndelag
Kommune: Levanger
Plass: Emilies hus, Levanger

Arrangør: Bymuseet i Levanger
Heimeside: www.facebook.com/skuespill/

Det er sommar i bakgården i Emilies Hus. Der bur mor Tordis saman med dottera Synnøve, og på loftet leiger dei ut hybel til lærarkandidat Mattias Kleven. Far sjøl, han Lorns, seglar i kystfart med Levanger-skuta Brødrene. Tordis sitt store ønske er å få dottera gift med lærarkandiat Mattias, slik at Synnøve kan komme seg opp og fram og bli lærarfrue. Men Synnøve vil ikkje giftas til Mattias, ho kan berre minnas sin ungdoms store kjærleik, Charles, som drog til sjøs for 3 år sidan. Da førebuingane til giftarmålet tek til kjem Charles heim frå sjøen, full av opplevingar med ny musikk frå Kaiserkeller i Hamburg, Chesterfield og god whisky. Han har heller ikkje glømt Synnøve, men dei gamle kompisane hans, dei svartelista sjømennene Bulle og Brandy, krev og ein bit av venskap og god drykk. Og mellom dei alle svevar den kjærleikshungrige Else Salberg, som berre blir kalt Elske. Ho har og eit godt auge til lærarkandidaten. Vil du vite kva som skjer med desse spennande og kraftfulle personane i Emilies bakgård i 1961, så kom og sjå komedien Rotterdam, du vil få Twist, rock and roll og sein 50 - og tidleg 60-talsmusikk på kjøpet, eit nyskrive teaterstykke av Torvald Sund, som går rett inn i Levangers verkelege liv, der Sverre og Nessegutten-konfliktar, frakteskuta Brødrene og nolevande personer frå Levanger går inn i handlinga. Stykket blir iscenesatt av Levanger-guten Tor Ivar Hagen, kjent frå oppsettingar både ved Trøndelag Teater og Oslo.

 

Redaktører: Egil Johansen (ansvarlig) og Idar Lind. Redaksjonsmedlem: Berit Vordal.
E-post: post@spelhandboka.no.

Ansvarlige utgivere: Egil Johansen og Idar Lind.

Finnmark Troms Nordland Nord-Trøndelag Sør-Trøndelag Møre og Romsdal Sogn og Fjordane Hordaland Rogaland Vest-Agder Aust-Agder Telemark Vestfold Buskerud Oppland Hedmark Oslo Akershus Østfold Norsk spelkalender Spelnytt spelhandboka.no