Råd til ein dramatikar frå ein produsent

Av Arnljot Grimstad, Herøyspillet Kongens Ring

 

- Finn ut om oppdragsgiveren har satt opp ein førebels finansieringsplan før du starter på arbeidet.

- Finn ut kva eldsjelene ynskjer (planar, tidsperspektiv, storleik, musikk).

- Produsenten kan sjøvsagt ynskje kva spelet skal handle om, men sluttresultatet må vere dramatikaren si avgjerd.

- Send eldsjelene dine vilkår.

- Legg arbeid i kontraktskrivinga. Munnlege avtalar må ikkje forekomme. Kontrakten må innehalde økonomi, tidsfristar, kven i prosjektet som har ansvar for kontakten med dramatikeren, kven som tek avgjerder, kven som har siste ordet.

- Få avklart kven har ansvar for å kontakte og halde kontakt med andre kunstnarar som skal inn i prosjektet. Dramatikaren og seinare instruktøren er meir profesjonelle enn produsenten og må gjere rekning med å foreslå kven som skal engasjerast til andre kunstneriske og tekninske oppgåver. I neste omgang gjer produsenten formelle avtalar med desse.

- Spelplassen bør vera bestemt før skrivinga startar.

- Ikkje skriv slik at det blir for dyrt eller for vanskeleg teknisk, det er evig kamp om midlar.

- Reknskapet skal førast slik at det går klart fram kva som er inntekter til spelet (t.d. kaffesal haldast utanom) slik at dei rette tala for utrekning av royalty kjem fram.

- Dramatikaren kan/bør vera idébank og medhjelpar.

- Å få til medieomtale er vanskeleg. Dette bør dramatikaren hjelpe til med.

Relevant lesestoff:

Å skrive dramatikk er et eget fag - av Eliassen / Lind

Dramatikaren som nesten-helt - av Rolf Losnegård

Skriv slutten først!
- Intervju med Hans Rotmo