Lag eit Quisling-spel

Bjørn Jonson Dale intervjua av Ottar Fyllingsnes
Dag og Tid, laurdag 3. august 2002


– Kvifor set ikkje folk i Telemark opp eit spel om Quisling? Kvifor er ikkje spel-entusiastar meir opptekne av den nære historia?

Det er historikaren og forfattaren Bjørn Jonson Dale som spør. Dei siste åra har han arbeidd med å skriva Ørsta-historia, og no er han i gang med det fjerde bandet.

 

Sunnmørsspel

Han viser til at dei historiske spela ligg så tett i det norske landskapet at det er like før nonnene frå det eine spelet rotar seg inn i nabospelet.

– Nesten kvar stad med respekt for seg sjølv har eit spel. På sunnmørskysten har me Kong Arthur-spelet på Sands-øya. På Herøy har dei Herøy-spelet som baserer seg på ein bisetning i kongesagaene om Karl Mørske, ein banditt som baud seg til å henta ein skatt frå Færøyane for kongen. På Hareidlandet har me Hjørungavåg-spelet, og på Giske har me Giskespelet. I år kjem det dessutan eit Sinclar-spel på Klungnes i Romsdal. Og på Nordmøre viser dei Edøy-spelet. I desse dagar får me i tillegg Audun Hestakorn-spelet i Jølster, med tekst av Edvard Hoem. I Nordfjord har me Kinnaspelet, og lenger nedover på kysten finst det ei rekkje andre spel. Og stadig nye kjem til.

 

Staden sin magi

– Er det ikkje bra med mange spel?

– Det er bra – om spela er god dramatikk. Det er kriteriet, ikkje om dei er sanne eller falske. Trass i dei mange dyktige forfattarane her i landet, er fleire av spela dårleg skrivne. Ofte er det amatørar som står bak, og mange av spela er svært sjølvhøgtidelege. Eg er svært skeptisk til dei som hevdar spela er eit utsnitt av den verkelege soga, men eit fleirtal av spela gjer likevel det. Dei tek seg sjølv svært alvorleg. Målet er ofte å setja opp spelet der dei historiske hendingane skal ha funne stad. Ein dyrkar magien på staden, og viser til at på denne staden rann blodet til jomsvikingane. Berre få av spela har eit metahistorisk eller humoristisk blikk, men på Sandsøya har dei laga eit spel om kong Arthur. Dei er inspirerte av Monthy Python-humor, og stykket er utstyrt med technomusikk. Eit kritisk eller humoristisk blikk på seg sjølv er ikkje dumt, men det er ikkje det vanlege,seier sunnmøringen.

Han vedgår at spela kan vekkja sterk historisk interesse hjå folk.

– Det er bra, men viss folk trur at dei har sett noko «sant», har dei misforstått. Eg er redd for at ein god del som har vore på spel, trur dei har sett soga slik som ho verkeleg var, seier Dale.

Han viser til at det er stor usemje om kvar slaget i Hjørungavåg stod.

– Dei fleste forskarane meiner at slaget ikkje stod i Hjørungavåg, men spelarrangørane har knytt sterk prestisje til den historia som spelet fortel. Obskure forskarar har stått fram i avisa og slege fast at det var nettopp der blodet rann.

 

Skeptisk til ideologien

Bjørn Jonson Dale er ikkje i tvil om at spela knyter lokalsamfunna tett saman.

– Dei gjev både livsgneist og innsikt, og mange spel har profesjonelle instruktørar og musikarar. Dermed får folk sjansen til å læra, men eg er skeptisk til det ideologiske aspektet. Spela prøver ofte å gje eit bilete av ei rik og flott fortid for tusen år sidan, men dei gløymer dei tusen åra imellom. Spela får ofte heile banden til å stå fram som barske vikingar og barmbreie møyar. Dei gløymer ofte heile den svarte soga.

– På Sunnmøre hadde me den fantastiske opprøraren, Store-Rasmus, som me veit det meste om, men han representerer ikkje noko heltedrama. Han tapte mot danskane, og kanskje er det difor at det ikkje finst noko spel om han. Midt oppi spela ligg det ofte ei oppfatning av at me er best. Me knyter oss tilbake til stordomstida, utan å hugsa resten.

 

Ekornes-spel

Bjørn Jonson Dale meiner at det hadde vore interessant med eit Quisling-spel i Telemark, eller eit Jens Petter Ekornes-spel på Sunnmøre, eller eit spel om husmannsguten Kavli frå Molde som vart ostekakse i Bergen.

– Viss meininga er å formidla historie og ikkje berre ideologi, burde ein ta tak i slike heltar og bandittar. Slik det er no, vel ein seg ofte svært diffuse hendingar som spelmateriale. Audun Hestakorn som vert sett opp i Jølster i desse dagar, er eit godt døme på det, seier Bjørn Jonson Dale.

 

Relevant lesestoff:

Historisk materiale, myter, sagn - av Birger Sivertsen