Dramatikaren som nesten-helt
Av Rolf Losnegård, dramatikar
Skrivinga av mitt første sogespel kunne ha gjort meg til ein helt i kampen for det frie ord. Eg vart det berre nesten, og følgjande historie fortel kvifor.
I 1980 kom sokneprest Odd Stubhaug i Florø til teatersjef Anne Gullestad ved Sogn og Fjordane Teater med eit sterkt ønskje om å få til eit spel ved middelalderkyrkja på Kinn. Eg fekk oppdraget, men utan den store idéen som eg var, tok det litt tid å komme igang. Etterkvart hadde eg lese gjennom det historiske stoffet - som ikkje var særleg omfattande - både ein og fleire gonger, og eg hadde vore på Kinn på inspirasjonstur. Til slutt kom idéen til ei historie som eg følte var verd å satse på. Eg skreiv eit synopsis og sende avgarde. Til Kinn sokneråd, for det var dei som skulle stå for innkjøp av manus og musikk. Det tok litt tid før eg høyrde noko, men så kom det eit brev frå eit av medlemene i soknerådet. Det var mykje fint og godt i den historia eg hadde skissert, men det var ein alvorleg mangel: Her var for lite kristen forkynning!
Eg sa til meg sjølv at dette burde eg sjølvsagt ha venta frå eit sokneråd, men det var ikkje fritt for at eg kjende mismotet ta meg. Skulle eg verkelege måtte innordne meg etter den typen krav? Måtte eg til å vri og vende på historia mi for å få inn eit minstemål av kristeleg forkynning?
Nei! Absolutt nei! Her gjekk grensa for min samarbeidsvilje.Dette skulle bli ei prinsippsak. No skulle det i sanning kjempast for min integritet som forfattar - på vegner av meg sjølv og heile min stand!
Eg ringde til Odd Stubhaug, absolutt førebudd på å avslutte samarbeidet her og no. Soknepresten høyrde på mi utgreiing om det umogelege ved å måtte underordne ei historie slike smålege omsyn som kristen forkynning osb. osb. Til slutt tok han ordet - og erklærte seg heilt einig med meg. Eg måtte ikkje bry meg om vedkomande soknerådsmedlem, som sikkert hadde skrive brevet i beste meining, men som ikkje hadde heilt hadde forstått kva det dreia seg om. Sjølvsagt måtte eg stå fritt i utforminga av historia. Det var jo eg som var forfattaren. Han ville berre ønskje meg lykke til med skrivinga. Eg hadde hans fulle tillit.
Det vart komponisten Per Janke Jørgensen som vart min næraste samarbeidspartnar under den vidare skriveprosessen. Vi jobba tett saman om å få til ein forteljestil der tekst og musikk utfylte kvarandre og underbygde kvarandre. Den ferdigskrivne teksten reiste eg til Florø med og las opp i prestegarden for Odd og Karen Margrete Stubhaug. Dei tykte det høyrdest bra ut. Så kom Anne Gullestad til som instruktør, og det vart gjort ein del tekstarbeid for å tilfredsstille dei store krav til enkelheit og klarheit i historia som eit utespel i havgapet stiller. Hennar regi og Karel Hlavatys scenografi utnytta både muligheitene i manus og musikk og i landskapet på Kinn på ein glimrande måte.
Kinnaspelet hadde premiere i 1986 og har sidan gått kvart år. Eg har skrive ein del andre utespel rundt omkring, men aldri seinare vore utsett for forsøk på å blande seg inn i forfattarrolla. Nesten litt synd, for eg kunne godt tenkje meg å bli helt akkurat der.
Relevant lesestoff:
Å skrive dramatikk er et eget fag - av Eliassen / Lind
Råd til dramatikar frå produsent - av Arnljot Grimstad
Skriv slutten først!
- Intervju med Hans Rotmo