Draumefangaren

Neste fremføring: 26 juli - 4 august

Fylke: Oppland

Kommune: Nord Aurdal

Sted:
Åbjøra-juvet, Valdres

Kategorier:

Laster kart ....

Legg til i kalender

Kort om stykket:
Om Draumefangaren
Ingenting er betre enn å vandre i naturen
og samtidig oppleve kunstnarlege
impulsar i verdsklasse.
Draumefangaren skal inspirere til å skjerpe sansane og
utvikle fantasien i samanheng med
naturen. Alt i naturen heng saman, slik
som i ein draumefangar. Om du rører ei
maske skjer noko med heile
draumefangaren. Vi må difor passe på
naturen, og forsterke han i staden for å
bryte han ned.
Draumefangaren
​er koreografert av
kunstnarleg leder Hallgrim Hansegård.
Publikum tar del i visninga
Når ein høyrer ordet ”dansevisning” ser
ein for seg ei scene med dansarar og ein
sal med publikum. Dansarane beveger
seg og publikum ser på. Dette snur
FRIKAR på hovudet under den interaktive
vandrevisninga Draumefangaren.
I tillegg til dansarar er installasjonskunst,
tøyakrobatikk og musikk ein viktig del av den heilskapelege opplevinga. Langs Åbjøra
skal publikum vandre gjennom skogen på ein sti dei vel sjølv og ta seg forbi spanande
kunstinstallasjonar og naturens eigen scenografi. Nokre gonger inviteres friviljuge i
publikum ver med på aktiviteten for å drive draumen vidare.
Finalen for visninga er i det spektakulære Åbjøra-juvet, der publikum og kunstnarar
forenes i ei unik framsyning ved fossen.