Gandr

Neste fremføring: 21 juli - 30 juli

Fylke: Innlandet

Kommune: Nord-Aurdal

Sted:
Åbjøra-juvet

Kategorier:

Laster kart ....

Legg til i kalender

Kort om stykket:

GANDR er eit frigjerande opptog for det tredje årtusen. I den digitaliserande pandemien har me studert grupperituale og dans frå helleristningar i nordisk stein- og bronsealder for å finne energi og bevegelsesglede for den utfordrande samtida vår. I GANDR kan du oppleva dans og sirkus frå den vinkelen og avstanden du vil, i tillegg til å få ein sjelsetjande tur i vill og vakker natur.

I tusenvis av år har vatnet slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Me har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgje mellom. Begge er 2,5 km lange. Du møter 12 kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 40 min danseframsyning ved ein flott foss.