Kinnaspelet 2024

Neste fremføring: 22 juni - 23 juni

Fylke: Vestland

Kommune: Kinn

Sted:
Ved den gamle Kinnakyrkja


Kategorier:


Laster kart ....


Legg til i kalender


Kort om stykket:

Teaterstykket «Songen ved det store djup» handlar om då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537, og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen eig no alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket er i gang med feiringa av Seljumannamesse, men når futen kjem går alt i stå. Dei har budd seg på å framføre sitt «lille kirkespill», og publikum får no bli med tilbake til 900-talet. Vi blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva frå Irland rømmer frå vikingkongen Ramn. Med følgjet sitt legg ho ut på havet og let vind og havstraumar råde. Båtane kjem frå kvarandre, og båten med søstera, Borni, driv i land på Kinn. Etter legenda er det ho som då fekk bygd kyrkja her. Orkester, kor og skodespelarar, profesjonelle og amatørar, fortel denne historia. Med storhavet, Kinnakyrkja og Kinnaklova som scenebilde blir dette ei unik oppleving.


2024