Kinnaspelet
Neste fremføring: 17 juni - 18 juni
Fylke: Vestland
Kommune: Kinn
Sted:
Ved den gamle Kinnakyrkja
Kategorier:
Kort om stykket:
KINNASPELET HANDLAR OM
då danskekongen sin fut kom til Kinn og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket slår spontant ring om presten sin og kyrkja. Dei feirar “Seljumannamesse” denne søndagen i 1537. Gjennom deira «kirkespill», eit spel i spelet, blir vi med tilbake til 900-talet og blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva på Irland, rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja. Seinare blir ho St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Søstera Borni, driv i land på Kinn, og skal etter legenda vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja