Kinnaspelet

Neste fremføring: 21 juni - 22 juni

Fylke: Vestland

Kommune: Kinn

Sted:
Kinn Kyrkje


Kategorier:


Laster kart ....


Legg til i kalender


Kort om stykket:

Kinnaspelet «Songen ved det store djup», om då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537 og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest skal setjast inn. Ingen lett bodskap å selje inn hos bygdefolket på Kinn. Dei er i gang med feiringa av Seljumannamesse, og publikum får no bli med tilbake til 900-talet og bygdefolket sitt “lille kirkespill” om  prinsesse Sunniva frå Irland som rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja og blir seinare St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Båtane kjem frå kvarandre og Søstera Borni driv i land på Kinn. Etter legenda skal det vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.

Dette er den ytre ramma for handlinga. Men Kinnaspelet handlar om noko meir. Dei sentrale temaene er menneske som opplever kriser og må ta vanskelege val. Når vi blir utfordra til å revurdere det vi meiner og trur på, kva verdiar er det verd å halde fast ved. 

Dette er teateret ved havet, der naturen og landskapet spelar med; ei oppleving du ikkje finn maken til.


2025