*AVLYST* Kinnaspelet

Neste fremføring: 20 juni - 21 juni

Fylke: Vestland

Kommune: Kinn

Sted:
Ved den gamle Kinnakyrkja

Kategorier:

Laster kart ....

Legg til i kalender

Kort om stykket:

“Songen ved det store djup”, teateret ved havet, vert framført ved den gamle Kinnakyrkja kvart år i juni. Spelet vert framført av Sogn og Fjordane teater, musikarar, lokale amatørar og koristar. Totalt om lag 160 i talet. Handlinga tek til med at danskekongen sin fut kjem til Kinn, og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kyrkjelyden feirar Seljumannamesse denne søndagen i 1537. Gjennom deira “kirkespill”, eit spel i spelet, vert vi med tilbake til 900-talet, og blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva på Irland rømer frå vikingkongen Ramn, som vil ha henne til dronning. Med følgje sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og let vind og havstraumar råde. Følgjet driv i land på Selja og på Kinn.