Rui-spelet
Neste fremføring: 22 juni - 23 juni
Fylke: Telemark
Kommune: Dalen
Sted:
Rui-plassen
Kategorier:
Kort om stykket:
Rui-jentene kjem heim! Basert på Teater Fabel si teaterforestilling “Spaden må gå jamnt – Rui-jentene som møtte Kongen” set me no opp utespel på Rui-plassen, i autentiske omgjevnader. Teater Fabel har hatt stor suksess med forestillinga, inspirert av boka til Knut Eidem “Rui-jentene som møtte Kongen”.
Historia om dei to små systrene Ingerine og Gurine Schewenius, frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark, som kom til kongen, var kjend og kjær i si samtid, og ho vekker framleis gjenklang hos mange. Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter sin fars filosofi om nøysemd. Kva er det me moderne menneske ikkje kan sjå, men som dei så klart og tydeleg såg, der dei streva og arbeidde oppe på sitt vakre, men akk så enkle og gamaldagse Rui? Og korleis blir to syskjen forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad?