Publisert 15. September, 2022

Spelet om Mardøla – eit spel verdig!

Av Marit Wadsten, leiar i Mardøla Teaterlag


«I en elv finnes ingen grenser, alt henger i hop, enhver del bærer vitne om alle de andre på en gang, på vei mot noe annet.»

- Sigmund Kvaløy

«Spelet om Mardøla» er eit heilt nytt spel som hadde urpremiere på Mardalsbøen under Mardalsfossen i Eikesdal 11. august 2022 i regi av Nils Golberg Mulvik. Spelet er ei dramatisering av historisk faktiske hendingar før, rundt og under Mardøla-aksjonen, som fann stad i Eikesdalsfjella i 1970.

Litt om historia og bakgrunnen for spelet

Vi trur at Mardøla-aksjonen var den første sivil ulydigheitsaksjonen i verda for vern av natur som tok i bruk ikkjevald som strategi. Dei første døgna besto aksjonen mest av at bønder og bygdefolk frå Eikesdal og Eresfjord, som i lag med Sigmund Kvaløy Setreng og nokre til, sette opp telta sine midt i traseen for anleggsvegen. Dette skjedde i løpet av ei helg i slutten av juli 1970, i Sandgrovbotn, i fjellet mellom Eikesdalen og Romsdalen, på ca 1100 m høgde over havet.

Etter kvart kom det tilreisande frå alle kantar og frå alle samfunnslag. Sigmund Kvaløy Setreng var nok den mest sentrale av aksjonistane, sjølv om leiren hadde flat struktur. Aksjonen vart organisert av Samarbeidsgruppene for natur og miljøvern (snm). Odd Einar Dørum, som seinare vart justisminister, var ein av dei som vart bøtelagt, ilag med mange andre. Den fredelege aksjonen vart meir dramatisk enn nokon kunne ha sett for seg då entreprenørar, sentrale folk frå handelsstanden og andre frå Rauma, Åndalsnes og oppover Romsdalen, fekk med seg opp mot 1000 menneske på ein motaksjon. Dei kravde teltleiren flytta, «viss ikke kan hva som helst skje», truga dei med. Rykta ville ha det til at dei hadde med seg molotovcocktails og høygaflar. I alle fall skulle dei jage demonstrantane, og det klarte dei.

Denne trefninga mellom folk frå to nabodalføre som sto på kvar si side i utbyggingssaka skapte stor splid, og eikesdalingane har vel ikkje heilt komme over det dei framleis ser på som eit stort svik. Motaksjonen enda med at Mardøla-aksjonen, som bygde på ikkjevaldelege prinsipp og ikkje ønskte konfrontasjon, godtok ultimatumet og flytta teltleiren ut av vegtraseen. Dei vart likevel verande i fjellet og held stand i om lag ein månad til saman.

Aksjonen vart skilsetjande for nye tankar om naturvern, ikkje berre i Norge, men også i Europa, og kanskje vi kan seie verda over? Norge fekk i alle fall verdas første Miljøverndepartement i kjølvatnet av aksjonen, og vi fekk også ein Samla plan for vern av vassdrag etterkvart. Det blir sagt at Mardøla-aksjonen er alle seinare naturvernaksjonars mor. Alta-aksjonen kom eit ti-år seinare og bygde på erfaringane ein hadde gjort seg under Mardøla-aksjonen.

Vasskrafthistoria

Det hadde allereie vorte ført vekk så mykje vatn frå Aura/Eira-vassdraget gjennom to tidlegare kraftutbyggingar, at NVE’s hovedstyre i 1958 uttalte at det ikkje skulle førast vekk meir vatn og at Mardølautbygginga derfor ikkje skulle bli noko av. Aura/Eira-vassdraget er redusert til ca 25 % av den opphavlege vassføringa og dette blir omtala som Norges styggaste kraftutbygging. I 1969 kom det for ein dag at det vart bygd anleggsveg innover fjellet utan av det var gjort vedtak om utbygging. Folket i Eikesdal og Eresfjord kjempa ein utrøytteleg kamp for å stoppe den tredje utbygginga, men nådde ikkje fram og vart ikkje høyrt. Dei håpte i det lengste på at Stortinget skulle verne Mardalsfossen, men nei. Utbygginga vart vedteken i Stortinget med overveldande fleirtal. Overføring av enno meir vatn frå vassdraget var eit faktum. Då hadde bønder og bygdefolk fått nok, og dei sette som nemnt opp telta sine midt i vegtraseen og sa at dei sat på eigen grunn. Politiet las Oppviglarparagrafen og trua med bøter og fengselsstraff, og ikkje minst utestenging frå høgare utdanning. «I vil demonstrere, i ska bærre bli bonde læll», sa ein av dei unge aksjonistane frå Eresfjord til lensmannen.

Spelet om Mardøla - eit spel verdig?

Lokalt har vi ønska å få fram den lokale historia og bakteppet for kvifor denne viktige historiske hendinga kunne skje nettopp her. Bakgrunnen for aksjonen, spelet om vasskraftutbyggingane og hendingane rundt Mardøla-aksjonen må då vere eit spel verdig, har vi tenkt. «Vi» er ei lokal gruppe eldsjeler frå Eikesdal, Eresfjord og Eidsvåg som er interesserte både i amatørteater og i vassdragshistoria vår.

«No he me fått nok! Me sæ frå i flokk!» Foto: Bjørn Magne Øverås

Fleire av oss har arbeidd med Mardøla-aksjonen og ideane den var tufta på i mange år. I 2010 arrangerte vi ei 40-årsmarkering og det var vel då at ideen om å begynne å arbeide for å få sleppt Mardalssfossen fri att for alvor skaut fart. «Spelet om Mardøla» er ein del av dette arbeidet. Så arrangerte vi «Mardøla2020», og «Mardølaseminaret» som ei 50-årsmarkering. Då hadde vi fått med oss manusforfattar Svein Sæter og komponist Lars Ramsøy-Halle, og vi hadde komme så langt med ideen om eit spel at vi kunne by på urframføring av dei to songane «Aura» og «Fritt fall», som Karianna Sommerro framførte.

Idèen oppsto i 2017

Men «Spelet om Mardøla» har sitt utgangspring i ein ide som oppsto før dette, og starta som eit eventyr. Eventyret handla om fosseprinsessa som var teken til fange av vassdrag(e)svesenet og som måtte friast ut av fangenskapen. Denne ideen vart til i ei drodling og eit samarbeid mellom Turid Frøydis Grønbekk og Marit Wadsten i 2017. Den første ideen om fosseprinsessa vart teikna ut av Turid Frøydis Grønbekk i 2017 og tek utgangspunkt i det nedre fallet av Mardalsfossen.

Mardøla teaterlag blir stifta

Mardøla Teaterlag vart oppretta i mai 2019 med eitt formål; å utvikle og sette opp «Spelet om Mardøla». I styret i Mardøla Teaterlag sit Dag Ringstad, Elin Ulateig Austigard og Marit Wadsten (leiar). Vi gjennomførte først eit forprosjekt i 2019-2020, og vi fekk gode tilbakemeldingar på dei framføringane vi allereie då kunne vise fram. I mai 2021 vart det så vedteke å realisere spelet i full skala og det vart valt eit produksjonsstyre. Produksjonsstyret fordelte seg på dei ulike oppgåvene etter interesse og tidlegare erfaring. Produsent og leiar: Marit E. Negård, inspisient: Bjørn Ølander, presse/PR: Turid L. Øverås, kostyme/rekvisitt: Kirsti Fagerslett, mat og forpleiing: Toril Melheim Strand, barnekoordinator og aktør: Elin U. Austigard. Økonomi: Marit Wadsten. Dag Ringstad var også med i produksjonsstyret, men gjekk etterkvart inn i spelet som aktør. Bjørn Magne Øverås kom i tillegg med som fotograf og teknisk leiar.

Flaks for oss: I 2019 flytta Marit E. Negård til Eikesdal. Ho kom frå Sunndalsøra og hadde erfaring frå oppsettingar av spelet Lady Arbuthnott (som feirar 25 år i år), og som produsent for «Stjernestøv». No tok ho på seg å vere produsent for «Spelet om Mardøla» og vi kunne derfor lite på at den viktige produsentrolla var i gode hender. Vi fekk dermed også med oss mange i hennar bekjentskapskrets frå teater- og musikkmiljøet på Nordmøre og på Sunndalsøra. Da også Bjørn Ølander i produksjonsstyret tok på seg å vere inspisient, vi visste at han hadde erfaring med dette arbeidet frå før, då var to av dei mest krevjande rollene i eit produksjonsstyre godt i varetatt og vi var eit steg nærare realisering.

Økonomi

Men det er ikkje nok med gode idear og gode folk på laget, ein må kunne finansiere det også, det veit alle som jobbar innanfor kultursektoren, også med spel og teater. Vi laga oss ei lang liste over aktuelle plassar å søke støtte, skreiv ei prosjektbeskriving og laga oss eit nokon lunde realistisk budsjett basert på «kvalifisert gjetting». Så tok vi til å sende ut søknadar om støtte i oktober 2021, og vi avtalte møter for å presentere planane våre med dei vi håpte å få støtte av ein viss størrelse av. Det tek sjølvsagt tid å få svar på slike søknadar, og vi hadde nok nokre vakenetter der vi grubla på om dette kunne gå bra og kva vi no hadde gitt oss ut på utover etterjulsvinteren i 2022.

I slutten av april fekk vi tilsegn om 100 000 kr i støtte frå Fritt Ord. Då gjekk jubelen i taket! Ikkje berre følte vi at vi fekk anerkjenning og støtte frå ein viktig og velrenommert nasjonal aktør, men vi hadde på dette tidspunktet også passert 1,3 mill. i støtte totalt. Da tenkte vi at dette kjem vi faktisk til å klare, også økonomisk. Ein ny, viktig milepæl var nådd. Det var ei svært god kjensle, og den har vi hatt i botn heile vegen sidan då. Ikkje minst var det godt å vite at vi kunne klare å betale greie honorar etter CREO sine satsar til aktørar i kulturfeltet, som jo generelt hadde hatt tøffe tider gjennom pandemien.

Kick-off 18. juli 2021
Produksjonsstyret, nokre av skodespelarane, manusforfattar, komponist, scenograf og regissør møttest til kick-off og første gjennomgang av manus 18. juli 2021. Då var vi enno midt i ein pandemi, og vi visste lite om korleis dette ville utvikle seg vidare fram mot august 2022.

August 2022 – Spelet blir realisert
Men: Spelet vart realisert det ja, og det med stappfulle tribuner! Alle førestillingane var utselde ca to veker før urpremieren. Hurra! Det var ei fantastisk kjensle! Ca 1400 personar såg spelet i løpet av generalprøven og dei tre førestillingane. Førestillingane vart lagt så seint på kvelden som til kl 21.00. for å oppnå maksimal effekt av lyssettinga av Mardalsfossen på slutten av andre akt. Spelet vart framført på Mardalsbøen i Eikesdal med Mardalsfossen i bakgrunnen. Naturen og omgjevnadane i området løfta dramatiseringa av dramaet som utspela seg i fjellet rett ovanfor i 1970, noko også dei gode kritikkane i pressa understrekar. Anleggsmaskiner, tidsriktige klede, telt og effektar understreka også stemninga.

Handlinga
Handlinga tek utgangspunkt i ein gardbrukarfamilie som bor i huset på Mardalsbøen; Bonden Peder, døtrene Tone og Kari, og Bæste. Dei får besøk av Kjell, ein kompis av Peder frå Romsdalen. Han er entreprenør og har begynt å bygge ein «seterveg» innover fjellet i retning Mardalsfossen. Sonen Tore er med far sin på ferie i Eikesdalen, og det oppstår søt musikk mellom odelsjenta Tone og entreprenørsonen Tore. Dramaet utspelar seg og tilspissar seg etter kvart som det blir klart at det går mot ei tredje utbygging, eit tredje vasstjuveri. « Me er på vakt mot snarvegar her, ser du», seier Tone til Tore. Bæste formidlar dei lange linjene og fortel m.a. om det gode naboskapet som har vore mellom dei to dalføra i uminnelege tider.

Fosseprinsessa var også med, nydeleg gestalta av Pia Lauritzen Albrecht. Alle som såg fosseprinsessas dans, både på den store steinen i bakgrunnen og på bøen, og kanskje særleg i ballettduetten (eller var det ein duell?) med gravemaskina i teltleiren på natta, var sterkt prega av det i etterkant. «Går det verkeleg an?», var det mange som sa. Gravemaskinballettkøyrar er den nye tittelen til Knut Finnset, som gjorde ein fenomenal jobb i denne scena. Kvar andre stader har du sett ein gravemaskin danse ballett med ei fosseprinsesse? Og med Agnethe Tellefsens fantastiske lyssetting; ja, det oppstod verkeleg overjordisk, rein teatermagi.

Fosseprinsessa gestalta av Pia Lauritzen Albrecht.
Foto: Bjørn Magne Øverås

Sosiale media
Vi har oppretta ei eiga heimeside for Spelet om Mardøla: https://www.mardolaspelet.no/
Nettsida har hatt besøk av 7055 unike brukarar og har hatt 8624 sidevisningar frå 1. mars og fram til 29. august. Vi har oppretta ei eiga Facebook-gruppe, Spelet om Mardøla, som pr. no har over 1400 medlemmar og stadig fleire kjem til. https://www.facebook.com/groups/1178892575971477
Vi har ei eiga Facebook-gruppe for aktørane der vi har lagt ut aktuell informasjon, og produksjonsstyret har også ei eiga Facebook-gruppe der vi kommuniserer internt.

Profesjonelle og amatørar hand i hand
Spelet har hatt ein profesjonell produksjon som har tilført stor kompetanse både til det lokale amatørteatermiljøet og til bygdene i form av at folk har blitt involvert i eit profesjonelt arrangement på så høgt nivå. Ved å engasjere lokalmiljøet både som aktørar og frivillig stab har vi lykkast med å skape lokalt eigarskap, lokal forankring, og ikkje minst stoltheit og engasjement. «Tenk at vi fekk til dette!» er omkvedet i bygda no. Og nettopp dette var eit viktig delmål med spel-prosjektet vårt. Vi har hatt som eit delmål at arbeidet skal gi auka bolyst, samhald, engasjement og satsingsvilje i bygda, kommunen og i regionen. Dette meiner vi også at vi har lykkast godt med.

Enorm dugnadsinnsats
Den enorme dugnadsinnsatsen er vi svært stolte av både å ha fått til og å ha dokumentert så godt som vi har gjort. Det har vore ført oppmøtelister på alle øvingar for amatørane. Kvar enkelt i produksjonsstyret og fleire andre som har bidratt har ført sine eigne timar på dugnadsskjema. Vi har følgd Molde kommune sine retningsliner for dugnad for fond, dvs at vi har rekna ein sats pr time på 250 kr. Vi ante nok at det kom til å bli mykje, men at vi skulle komme opp i over 9000 timar og ein samla verdi på dugnaden på ca 2,3 mill, det var det nok ingen som kunne ha gjetta på førehand. Utan denne enorme dugnadsinnsatsen og den rause støtta frå sponsorane våre ville det ikkje ha vore mogleg å realisere spelet.

Framtida
Styret i Mardøla Teaterlag vedtok på styremøte 6. september 2022 at spelet skal settast opp på nytt i 2023, forutsatt at vi klarer å finansiere det. Det er klart at dette var eit stort løft for ei lita bygd med ca. 75 innbyggarar. Men med gode folk i alle ledd, frå profesjonelle kunstnarar og amatørar til folk i produksjonsstyret og mange dyktige og innsatsvillige frivillige med på laget, kom vi godt i mål med det som nok er det største arrangementet som er gjennomført i Eikesdal nokon gong.

Takk for oss! Foto: Bjørn Magne Øverås

Som ide-makar, økonomisk ansvarleg og leiar i Mardøla Teaterlag er eg svært stolt av det vi har fått til - saman. Det var ei nesten uverkeleg oppleving å vere på premiera og sjå kor fantastisk flott ei førestilling som hadde blitt laga på veldig kort tid. Ja, spelet om Mardøla viste seg verkeleg å vere eit spel verdig, og kampen om Mardalsfossen er enno ikkje over. No brettar vi opp ermane og satsar på at det skal bli minst like bra det vi kan vise fram i august 2023, og håpar at fossen snart må bli fri!

Relevant lesestoff:


Produksjonsleder

Styre

Marit Wadsten (f. 1960) arbeider til dagleg som høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og har ein master i nynorsk skriftkultur. Ho er frå Eresfjord og har vore busett i Eikesdalen sidan 1984, der ho tidlegare har vore bonde og lærar. Marit har gjeve ut praktboka «Eikesdalen. Det finst berre ein» i lag med fleire andre eikesdalsentusiastar, og skriv no på ei bok om Mardøla-aksjonen. Ho driv også Galleri Eikesdal i gamlebutikken på kaia i Eikesdalen.